Hopp til hovedinnhold

Eksamensgjennomføring

Skriftleg eksamensperiode startar i midten av mai, medan munnleg og munnleg-praktiske eksamenar kjem i juni. Ein må vere førebudd på at det kan kome endringar i timeplanane i denne tida, etter at eksamenstrekket vert offentleggjort (i 2024 vert det 15. mai).

Datoar for dei skriftlege eksamenane ligg i kalenderen.

Datoane for tverrfagleg praktisk eksamen på yrkesfag og munnlege og munnleg-praktiske eksamenar vert bestemt seinare, men vert lagt inn i kalenderen så snart vi er kjent med dei.

I prinsippet kan eksamenar verte lagt heilt til siste skuledag.

Her finn du veileder for gjennomføring av skriftlig eksamen våren 2024.