Hopp til hovedinnhold

Helse- og oppvekstfag

Blodtryksmåling

Helse- og oppvekstfag er ei yrkesfagleg utdanning og er for deg som er omsorgsfull og liker å samhandle med andre. Etter 2 år på skule kan du gå ut i lære. Du kan også ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Kva kan du bli?

Du kan velje mellom mange yrke og arbeidsplassar innan helse- og oppvekstfag, både i privat og offentleg sektor. Du kan bli alt frå ambulansesjåfør til hudpleiar, eller tannhelsesekretær. Dei ulike fagvala på helse- og oppvekstfag finn du på vilbli.no

Sjå video frå helse- og oppvekstfag ved KVV:

Vi tilbyr:

  • Vg1 helse- og oppvekstfag
  • Vg2 barne- og ungdomsarbeidarfag
  • Vg2 helsearbeidarfag

I Kvinnherad har vi eit godt samarbeid med offentlege og private institusjonar. Alle våre elevar får prøve seg i praksis, til dømes i barnehage, skule, helseinstitusjon og andre liknande tilbod.

 

Vg1 helse- og oppvekstfag

På vg1 har du fellesfaga engelsk, matematikk, naturfag og kroppsøving. I tillegg kjem fylgjande programfag:

Helsefremjande arbeid, kommunikasjon og samhandling, yrkesutøving og yrkesfagleg fordjuping. Her får du den grunnleggjande kunnskapen du treng for vidare opplæring på vg2.

I faget yrkesfagleg fordjuping får du allereie på vg1 prøve deg i yrkespraksis før du skal ta val om kva vg2 - utdanning du vil søkje.

Vg2

På vg2 har vi to utdanningar du kan velje mellom her på KVV:

Barne- og ungdomsarbeidarfag

Her får du kunnskap om fysisk og psykisk utvikling og helse hos barn og unge. I programfaga lærer du om pedagogisk arbeid, kommunikasjon og god yrkesutøving.

Praksis utgjer ein stor del av faget yrkesfagleg fordjuping (YFF). Det er lange praksisperiodar i både første og andre termin. Du kan sjølv kome med ønske om praksisplass. Praksisen kan du ha mellom anna i barnehagar, skular, skulefritidsordningar, klubbar og kommunale etatar. 

Helsearbeidarfaget

Her får du både praktisk og teoretisk opplæring. Du får kunnskap om grunnleggjande sjukepleie, sjukdomslære, kommunikasjon og kva som vert forventa av deg som profesjonell helsefagarbeidar.

Praksis utgjer ein stor del av faget yrkesfagleg fordjuping (YFF). Det er lange praksisperiodar.  Du kan sjølv koma med ønske om praksisplass. Praksisen kan du ha på sjukehus, sjukeheim, bufellesskap, open omsorg, med vidare.

Vegen vidare

Etter 2-3 år i skule kan du søke læreplass i godkjente lærebedrifter.

Lurer du på korleis du søker læreplass eller kva som er godkjente lærebedrifter? Informasjon om dette finn du ved å følge lenkja Bli lærling. Læreplass søker du på vigo.no