Samarbeid mellom skule og heim er viktig også på vidaregåande skule. Vi set pris på føresette som ønskjer å støtte opp om elevane våre, vi legg vekt på å gi god informasjon og vert glade for tilbakemeldingar.
Det første foreldremøtet for føresette til Vg1-elevane skjer heilt først i skuleåret. Der gir vi informasjon om system og ordningar ved skulen, om støttefunksjonar, om korleis vi jobbar med undervegsvurdering, og du får møte klassen sin kontaktlærar.
Føresette til elevar under 18 år blir informerte om elevsamtalar / utviklingssamtalar og inviterte til å delta på desse, både i haust- og vårsemester.
Vi inviterer og til foreldremøte i oktober/ november og i februar.
Er det noko du som føresett lurer på, er bekymra over, har synspunkt på eller er misnøgd med, set vi pris på at du tar kontakt med oss. Du kan ta kontakt med klassen sin kontaktlærar eller med avdelingsleiar for Studiespesialiserande eller Yrkesfag. Vi er glade for eit samarbeid rundt elevane sin trivsel og læring.