Har du gått på yrkesfag og ønskjer å ta høgare utdanning? Då kan du ta påbygging til generell studiekompetanse. Du kan søkje både før og etter læretida. Utdanninga fører fram til generell studiekompetanse.
Kvifor velje påbygg?
Påbygg er studiet for deg som har valt eit yrkesfagleg opplæringsløp, og som ønskjer å halde fram med studium på universitets- eller høgskulenivå. Fullført vg3 påbygg gjev generell studiekompetanse.
Påbygging er for deg som er motivert for eit år til på skulebenken.
Kven kan søkje?
Du må ha fullført eit av desse alternativa:
- Vg2 yrkesfagleg utdanningsprogram.
- Vg1 studieførebuande og vg2 yrkesfagleg utdanningsprogram.
- Yrkeskompetanse med fag- eller sveinebrev.