Hopp til hovedinnhold

Valekrossen avdeling

På Valekrossen er du elev på Kvinnherad vidaregåande skule, men får tett oppfølging og undervisning i små grupper. Tilbodet er tilpassa elevar med psykiske vanskar som treng å fullføre heile eller delar av vidaregåande opplæring. Omfang og innhald i tilbodet kan variere, og vi legg vekt på individuell tilrettelegging. Skulen held til i eigne lokale over DPS på Valen.

Søknadsfrist 1. februar

Søknad og inntak               

Skulen har følgjande tilbod

Grunnkompetanse

Dersom du av ulike grunnar ikkje får full yrkes- eller studiekompetanse etter vidaregåande opplæring, får du eit kompetansebevis som viser den kompetansen du har fått. Dette kan være aktuelt om du stryk i eit fag, sluttar i løpet av utdanninga eller av andre årsaker har vanskar med å fullføre eit vanleg utdanningsløp. 

Vidaregåande opplæring

1. Ønskjer du ein yrkesfagleg utdanning, kan du ta fellesfaga hos oss. Frå hausten 2022 tilbyr vi også programfaga på Helse og oppvekst.
Ønskjer du dette tilbodet, søkjer du Helse og oppvekst på Kvinnherad vgs i vigo. Kryss av for Valekrossen i vedleggsskjema. Andre yrkesfag må du ta anten på Kvinnherad vidaregåande skule eller på ein annan vidaregåande skule.

2. Er målet ditt studiespesialiserande, kan du ta fellesfaga pluss påbygg hos oss. Vi kan tilby enkelte programfag, men dei fleste programfaga må du ta anten på Kvinnherad vidaregåande skule, ein annan vidaregåande skule eller som privatist. Vi gjer vårt beste for at faga vi tilbyr skal vere tilpassa elevane sine ønske og behov.

3. Er du minst 23 år i søknadsåret og har 5 års arbeidspraksis og/eller vidare utdanning, kan du oppnå generell studiekompetanse gjennom å ta dei seks obligatoriske fellesfaga: norsk, engelsk, samfunnskunnskap, matematikk og naturfag (vg1/2) og påbyggsfaga i norsk, matematikk, naturfag og historie. Sjå fullføringsreforma her.

4. Du kan og ta enkeltfag og oppnå såkalla grunnkompetanse.

For opptak gjennom året, ta kontakt med:

Hanna mobilnummer: 470 54 144

Hanna e-post: hanna.haugan.solheim@vlfk.no

Heidi Vimme mobil: 970 29 511

Julie Holmedal mobil: 977 38 651